OVERSIKT HYTTER

Hytte med to soverom og hems

Hyttene ligg fint til ca 30 meter frå Hardangerfjorden.
Alle hyttene er vinterisolerte og har både elektrisk oppvarming og vedomn.

Kjøkkenet er godt utstyrt og har spisebord med benk/stolar.

I stova finn du ein koseleg krok med sofa/lenestol og TV m/satelitt.

Soveromma har senger med dyner, puter og gode madrasser. Badet har dusj, WC og behageleg golvvarme.

Soverom 1: ei dobbelseng.
Soverom 2: to enkeltsenger + ei enkeltseng i overkøye.

Hems: stige opp til to senger(rammemadrasser) med open løysing ut mot gang/stove.
Merk at ein ikkje kan stå oppreist på hemsen!!

Kvar hytte har eigen robåt inkl. i prisen i sommarhalvåret og motor kan leigast.

Det finst og bod til stell av fisk.

Fryseboks, vaskemaskin og tørketrommel finn du i servicebygget «Bua».

FØRESPURNAD PÅ OPPHALD

HARDANGER FJORDHYTTER

Fasilitetar

  • Trådlaust internett

  • TV med satelitt

  • Robåt inkludert

  • Motor til båt kan leigast

  • Tilgang til vaskemaskin i servicebygg

  • Tilgang til tørketrommel i servicebygg

  • Fryseboks til kvar hytte i servicebygg

  • Bod til stell av fisk

  • Leikeområde for barn

  • Badestrand

  • Turmuligheter i nærleiken