Bookingvilkår Hardanger fjordhytter
Orgnr: 936907989 MVA.
Betaling og booking
Ved bestilling skal korrekt namn, adresse, telefonnummer, e‑post og tal på gjester meldast inn. Maksimalt antal gjester er det som står oppført i hyttebeskrivinga.
Betaling skjer ved bestilling av opphaldet, ved motteken bestillingsbekreftelse.
Bookinga er bindande, og eventuell avbestilling skjer i henhold til vilkår beskrive nedanfor.
Betalingskvittering er garantien for opphaldet.
Me vil gjera deg merksam på at eventuelle bankgebyr tilfell kunden.
Manglande betaling, trass ekstra påminning, vert rekna som avbestilling.
Avbestillingsvilkår:
Meir enn 90 dagar før ankomst: 100 % refusjon.
89 – 15 dagar før ankomst: 60 % refusjon.
14 dagar – til ankomst /no-show: 0 % refusjon.
Me anbefalar å ha gyldig reiseforsikring.
Opphaldet
Innsjekk frå kl. 16.00
Utsjekk til kl. 12.00.
Andre tider etter avtale.
Hyttene ligg i eit område med fleire utleigehytter, samt fastbuande.
Respekter difor stilletid utandørs frå kl. 23.00 – 07.00.
Dersom ikkje anna er avtalt eller beskrive ved bestilling skal leigetakar reingjera hytta ved avreise, men dette kan og bestillast hjå utleigar. Vaskeutstyr er tilgjengeleg i hytta.
Ved ekstra reinhald eller anna slitasje/skader utover normalt kan det tilkoma ekstrakostnad som tilfell leigetakar.
Me tillett ikkje bruk av egne sengklær, sovepose, lakenposer eller anna i utleigehyttene. Dette grunna risiko for eventuelle skadedyr.
Overnatting av fleire personar enn avtalt er ikkje tillate og kan føre til bortvising utan refusjon.
Gjestene, ved bestillar, er ansvarleg for eventuelle skader som skulle skje ved opphaldet, anten det er inventar, hytte, båt eller andre ting. Skadar eller manglar skal meldast til utleigar så snart som mogleg. Utleigar er ikkje ansvarleg for tjuveri, uhell eller personskadar under opphaldet.
Bruk av robåt og/eller motorbåt
I sommarhalvåret er det inkludert robåt i utleigeprisen. Datoar for utsett/avslutt båtsesong er væravhengig, men båt vanlegvis tilgjengeleg i perioden 15.april – 1.oktober. Motor kan leigast mot tillegg.
Leigetakar er sjølv ansvarleg for trygg bruk av båt og skal alltid fylgje gjeldande lover, reglar og sikkerheitsrutinar. Alle om bord i båt pliktar å bruke redningsvest og sørgje for at alle om bord gjer det same. Båten skal berre førast av personar som er skikka til å handtere båt, og som har nødvendig erfaring og vurderingsevne.
Leigetakar er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr, vind, bølgjer og eigne ferdigheiter før båten vert teken i bruk. Dersom forholda er utrygge, skal båten ikkje nyttast. Utleigar kan gje råd, men har ikkje ansvar for leigetakar sine val eller vurderingar på sjøen.
Skadar på båt, motor eller utstyr som følgje av feil bruk, grunnstøyting, uaktsomheit eller manglande vurdering av forhold, kan belastast leigetakar økonomisk.
Force majeure
Utleigar kan avlyse eller endre opphaldet ved forhold utanfor vår kontroll (ekstremvêr, straumbrot, naturhendingar m.m.).
Betaling vert då fullt refundert, men utleigar har ikkje ansvar for ytterlegare kostnader for leigetakar.
Personvern
Personopplysningar vert behandla i tråd med gjeldande regelverk og berre brukt i samband med booking og kommunikasjon før, under og etter opphaldet.
Vertskapet ynskjer velkome til Hardanger Fjordhytter Laupsa, og skal vera vårt ytterste for at opphaldet ditt vert ei minnerik oppleving!
Oppdatert 22.03.2026