AKTIVITETAR
Med base på Hardanger Fjordhytter har du moglegheiter til å vera aktiv (eller passiv) i naturen året rundt. Me har både sol og regn!
- Hardangerguiden – finn du her. Stor oversikt over aktivitetar.
- Sandstranda ved fjorden er ein barnevennleg og fin badeplass. Uteområde
med møblar og grill i frukthagen. Stor ballplass. - Du kan fiska i fjorden heile året! Kvar hytte har sin eigen
båt. Hyttetunet har eiga bod til stell av fisk. Nyt freden og naturen
med ein fisketur på fjorden. - Turstiar i skog og fjell heile året.
- Turar til hav eller høgfjell.
- I Skårsvatnet vart det i 1914 sett ut gullvederbuk; gullfisk. I dag finst dei i store mengder. Gullfiskane likar godt brødsmular! Ta med litt og du får sjå dei betre.
- Steinsdalsfossen er kjent for sin sti bak fossefallet, og er verkeleg verdt
eit besøk. - Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt
senter for restaurering av trebåtar. - Me har fleire museum i kommunen vår, bl.a. Ingebrigt Vik museet i Øystese som er utpeika til 1000- årsstaden i Hordaland
- Øystese og Norheimsund med post,bank,butikkar,hotell m.m.
- Mikkelparken
- Hardangerbadet
- Kunsthuset Kabuso
- Hardanger skyspace
- Hardanger Golfklubb
- Bowling
- Trolltunga
- Sjusete Skisenter
- Kvamskogen Skieldorado
- Turistveg Hardanger med opplevingsruter og flotte turforslag.
- Båttur på Hardangerfjorden.
- Gokart i Kinsarvik.
- Bergen – hovudstaden i Fjord Noreg.
- Hardangervidda Natursenter i Eidfjord, Vøringfossen og Hardangervidda Nasjonalpark ( Europas største høgfjellsplatå).
- Folgefonna Sommarskisenter i Jondal er ei unik naturoppleving.
- Norsk Vasskraft -og Industristadmuseum, Energisenteret på Dale eller Sima Kraftverk i Eidfjord gjev deg innblikk i utviklinga av vasskraft i Noreg.
- Voss er utgangspunktet for «Norge i eit nøtteskall«. Dette er ein tur å anbefala og den går kvar dag heile året.