Norsk English Deutch

Hovudsida
Hyttene
Årstidene
Aktivitetar
Båtutleige
Kart
Fotoalbum
Kontakt
Reisemål Hardangerfjord

AKTIVITETAR

Med base på Hardanger Fjordhytter har du moglegheiter til å vera aktiv (eller passiv) i naturen året rundt. Me har både sol og regn!
  • Hardangerguiden - elektronisk versjon finn du her. Stor oversikt over aktivitetar.
  • Sandstranda ved fjorden er ein barnevennleg og fin badeplass. Uteområde med møblar og grill i frukthagen. Stor ballplass.
  • Du kan fiska i fjorden heile året! Kvar hytte har sin eigen båt. Hyttetunet har eiga bod til stell av fisk. Nyt freden og naturen med ein fisketur på fjorden.
  • Turstiar i skog og fjell heile året.
  • Turar til hav eller høgfjell.
  • I Skårsvatnet vart det i 1914 sett ut gullvederbuk; gullfisk. I dag finst dei i store mengder. Gullfiskane likar godt brødsmular! Ta med litt og du får sjå dei betre.
  • Steinsdalsfossen er kjent for sin sti bak fossefallet, og er verkeleg verdt eit besøk.
  • Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt senter for restaurering av trebåtar.
  • Me har fleire museum i kommunen vår, bl.a. Ingebrigt Vik museet i Øystese som er utpeika til 1000- årsstaden i Hordaland
  • Øystese og Norheimsund med post,bank,butikkar,hotell m.m.
  • Gardsbesøk og ridesenter på Børve Gard
  • Hardanger Golfklubb
  • Bowling
  • Hardangerfjord Adventure
  • Sjusete Skisenter
  • Kvamskogen Skieldorado
  • Turistveg Hardanger med opplevingsruter og flotte turforslag.
  • Båttur på Hardangerfjorden.
  • Gokart i Kinsarvik.
  • Bergen - hovudstaden i Fjord Noreg.
  • Hardangervidda Natursenter i Eidfjord, Vøringfossen og Hardangervidda Nasjonalpark ( Europas største høgfjellsplatå).
  • Folgefonna Sommarskisenter i Jondal er ei unik naturoppleving.
  • Bilvandring, mange gode kart og forslag for kombinasjon, bil og fottur.
  • Norsk Vasskraft -og Industristadmuseum, Energisenteret på Dale eller Sima Kraftverk i Eidfjord gjev deg innblikk i utviklinga av vasskraft i Noreg.
  • Voss er utgangspunktet for "Norge i eit nøtteskall". Dette er ein tur å anbefala og den går kvar dag heile året.

  • Oppdatert: 15.01.2012